Vestland Seilkrets

Møte om Bergen Seilfestival 2023

Vestland Seilkrets ynskjer å gjera eit nytt forsøk på å dra i gang Bergen Seilfestival.
Me treng difor å tromma saman ein komite og starta planleggingsarbeidet. 
Det vert difor kalla inn til eit fyrste innleiande møte om saka torsdag 10. november klokka 1900.

Saksliste:
1 - Finne rett ambisjonsnivå - ulike scenario for kva seglfestivalen 2023 kan vera:
a) stor utgåve med omfattande opplegg
b) medium med noko opplegg
c) miniutgåve
Klargjering av kva dei ulike alternativa innebærer
 
2 - danning av komite
Det trengst personar til ein sentralkomite som har oversynet og det trengst kontaktpersonar/bindeledd i kvar enkelt seglforening 
 
3 Drøfting/ideutveksling/økonomi
 
4 Vegen vidare utover vinteren/våren
 
Me ber seglforeningane senda folk med interesse for saka til å stilla på møtet.
Det vil også vera høve til å følga møtet på Zoom:
 
Helsing
Kjell Magnus Økland og Harald Thomsen