Vestland Seilkrets

Vestland Seilkrets

Vestland Seilkrets (VSK) er et koordinerings- og samarbeidsorgan mellom seilklubbene i Vestland fylke. VSK inngår som del av Vestland Idrettskrets, Norges Seilforbund, Norges Idrettsforbund og Norges Olympiske Komite.

 

I dag er Vestland Seilkrets landets nest største seglkrets, med over 20 seilklubbar, ca 3000 medlemmer og med eit spenn av aktiviteter som omfatter brettsegling, joller, Oselvar, kjølbåtar og tur- og havseglar.

Historikken bak Vestland Seilkrets
Vestland Seilkrets er frå 1. januar 2020 ei videreføring av Hordaland Seilkrets og Sogn og Fjordane Seglkrins. Soga om kappsegling i Hordaland går tilbake til 1800-tallet med Bergens Seilforening (stifta 1872) og Båtlaget RAN, seinare Ran Seilforening (1894) som dei fyrste aktørar. I mellomkrigstida kjem det til ei rekke seglforeiningar og det vert naudsynt med eit formelt samarbeidsorgan. Alt før andre verdenskrig vert det gjort fleire forsøk på å samle desse i eit ”Vestlandsforbund”, noko som lukkast 27. august 1945. Då går seks foreiningar som dreiv med Oselvarsegling saman og stiftar Bergen og Hordaland Seilersamband (BHSS). BHSS tar seg av informasjonsarbeid, terminlistearbeid, tildeling av seglnummer, føring av båtregister, klasseregler, appellutvalg, dommerfordeling og regelkurs.

 

På midten av 1950-tallet vert fleire seglklubbar i Hordaland medlem av Kongelig Norsk Seilforening (KNS), og appellsakene vert nå overført til KNS. Utover på 1960-tallet aspirerte KNS sterkt til å bli et landsforbund og det skjer forhandlinger mellom KNS og Norges Idrettsforbund om å danne et slikt nasjonalt forbund. Det nye forbundet vert førebels kalla ”Landsforeningen KNS”. For seglklubbane i Hordaland var ønsket om å bli medlem av Norges Idrettsforbund (NIF), og dermed få tilgang til tilskotsordningane som NIF representerte, helt sentralt. NIF på sin side tok gjerne imot seglsporten, men krevde ein organisasjonsstruktur tilliks med øvrige idrettar.

 

1. februar 1970, vert det halde stiftingsmøte for Norges Seilforbund, med Kronprins Harald som fyrste formann. Dermed var eit viktig steg på vegen mot ein ny organisasjonsstruktur for seglsporten teke. På eit møte 2. september 1971 er seks av seglklubbane i Hordaland og Hordaland Idrettskrets til stedes og opprettar Hordaland Seilutvalg. Seilutvalget vert dermed den nye formelle kanalen og tar i praksis over for BHSS. 18. februar 1974 blir BHSS omorganisert til Oselverklubben – klasseklubb for Oselveren brukt som regattabåt.

 

Ordninga med Hordaland Seilutvalg vart ikkje særleg langvarig. I februar 1977 vedtar Norges Seilforbund sitt ting å innføra seglkretsar. 25. april samme år vert avgjer foreiningane i Hordaland å oppretta Hordaland Seilkrets og det fyrste ordinære seglkretstinget vart halde 11. januar 1978 på Solstrand Fjordhotell. For seglmiljøet i Hordaland representerte ikke den nye organisasjonsstrukturen så mykje nytt. Samarbeidet mellom klubbane hadde pågått lenge, og ein såg mange fordelar med å vidareføre dette.

 

Sogn og Fjordane Seglkrins
I Sogn og Fjordane vert det frå slutten av 1970-talet og utover 1980-talet etablert fleire seglmiljø der brett- og jollesegling var sentralt: Askvoll, Florø, Sandane, Selje, Sogndal og Stryn. I 1987 vert Sogn og Fjordane Seglkrins etablert. Snart kjem det óg til eit miljø i Førde. Etter 1990 dabbar brettseglinga fleire stader, medan jolleseglinga opplever stagnasjon når ungane til drivkreftene kom opp i ein viss alder. I Måløy og Florø har ein greidd å halde aktiviteten oppe. Måløy med joller og Florø med både jolle- og tur- og havsegling. Båe klubbane hadde ein god periode for nokre år sidan med utøvarar i Norgestoppen. Måløy med 29’er og Florø med optimist og Zoom 8-jolle. Krinsarbeidet i Sogn og Fjordane har gått litt treigt. Etter at Sogn og Fjordane Idrettskrins slutta med tilskotet til seglkrinsen var det ikkje midlar i krinskassa sjølv om KM for T/H heldt fram nokre år. 

 

Vil du vita meir om historien bak Vestland Seilkrets?

Då kan du mellom anna lese i følgande bøker:
Helge Kaurin Nilsen: Dog seiler vi ei blot til lyst - Båtlaget Ran 1894-1994, utgitt 1994
Jon Amtrup: Ramsalt - Shetland Race 25 år, utgitt 2011
Kjell Magnus Økland: Oselvar - den levande båten, utgitt 2016