Vestland Seilkrets

Tenk nytt!

Onsdag 23. oktober kl. 1900 vert det seglkro i Bergens Seilforening med terminlista som tema. Det vert óg premieutdeling for Korsfjordtrimmen og Askeladden. Sjå referat frå møtet på https://hordaland-seilkrets.no/?k=2636&id=28511&aid=18724

 

Arbeidet med HSK si terminliste er prega av lite fornying og slik har vore det i mange år. På HSK sitt kretsting i februar 2019 vart det samrøystes vedteke å oppretta ein terminlistekomite for å starta ein prosess som endar med at terminlista for 2020 unngår å verta blåkopi av 2019 (og 2018, 2017, osv). Det er med andre ord no tid for å starta ein kreativ prosess der me saman finn ut korleis me vil ha det i framtida med tanke på regattaer, turseglasar, treningsleirar, nybyrjarkurs og andre arrangement. 

 

Nokre moment som bør vera med i den kreative prosessen:

 

Midtvekeseglinga fungerer bra og rommar eit godt tilbod for både joller, eintype og T/H - her er det kanskje ikkje grunn for å endra så mykje.

 

Når det gjeld helgeseglinga så er spørsmålet om ikkje det er for mange regattatilbod der litt for få båtar deltar. Kunne ein oppnådd større deltaking ved å minka talet på helgeregattaer noko gjennom prinsippet færre, men betre regattaer?

 

HSK sine seglklubbar har lange og gode tradisjonar for samarbeid. Kanskje to eller fleire seglklubbar bør gå saman for å sjå på samarbeidsløysingar? 

 

Seglkretsen vil óg ta nye grep for å gjera den nye terminlista meir kjend. Stikkord her er trykt terminlistekalender på papir og digitale løysingar i samarbeid med Kystkultur.no! 

 

I løpet av hausten ser HSK for seg ei seglkro der terminlista er hovudtema. Seinare på hausten startar den vanlege prosessen med datoavklaringar. Det som fyrst og fremst bør skje no er ein fase der ein vågar å tenkja nytt kring innhaldet i seglsporten. 

 

Nokre tankar som kan starta tankeprosessen:
I kvar fjord bør det vera ein større seglas vår og ein haust, gjerne med fleire klassar/båttypar som tevlar samstundes.

 

Helgeseglasar bør tilby noko anna enn to timar på den same banen som ein selgar i midtveka - kanskje lengre løp, kanskje fjernare mål, kanskje variantar der shorthand, mørke, uthavn, øvingar i sjømannskap er nyttige stikkord?

 

Rekruttering er ei utfordring - kan seglforeningane samla trø til med ein seglsportens dag?

 

Færderseglasen samlar mykje merksemd inst i ein fjord austpå - kan seglsporten få til eit større arrangement som får liknande status i til dømes Vågen i Bergen?

 

Kan det gjerast grep som sikrar at regattaer både byr på interessant segling for seglarane, men som óg fengjer tilskodarar?

 

Desse endringane må sjølvsagt forankrast godt i kvar klubb. Det er difor viktig å bruka tid og ha ein god prosess på dette. Bruk difor noko av seglpraten framover på å lufta desse problemstillingane med andre seglarar.

 

Lukke til!

Teminlista 2020 = terminlista 2.0!

Helsing
Styret i Hordaland Seilkrets