Vestland Seilkrets

VSK-klubbkonferanse 16. november

Vestland Seilkrets inviterer til VSK-klubbkonferanse:
Laurdag 16. november i Bergens Seilforenings lokaler.

 

Seglklubbane i Vestland har lang tradisjon for fruktbart samarbeid, ikkje minst er ein flink til å utnytte utstyrsressursar på sjøen i samband med større arrangement. Styret i Vestland Seilkrets trur det kan liggja eit enda større samarbeidspotensiale mellom klubbane. Difor vil me gjerne invitera dei som sit i styre og stell i seglklubbane i Vestland Seilkrets til eit dagseminar for å sjå nærare på korleis ein kan oppnå gevinstar gjennom styrka samarbeid. Norges Seilforbund vil òg vera til stades på VSK-klubbkonferansen.

 

Førebels skisse til dagsprogram

 

Frå 0945 Oppmøte, mingling, kaffi, servering av frukt

 

1010 Uformell kort presentasjon av alle deltakarar

 

1020 Velkomst ved Harald Thomsen, styreleiar i Vestland Seilkrets

 

1030 Thomas Nilsson frå NSF: Framtidas seglforening – frå rekruttering til toppidrett!

Korleis kan me byggja ein sterkare seglsport for fremtida? Thomas Nilsson frå Norges Seilforbund deler tankar og idear om korleis rett rekruttering av dei yngste, og det å holda på ungdom og studentar, kan vera nøkkelen til både bredde og toppidrett. Gjennom eit betre system for å rekruttera seglarar i alle aldrar, kan me sikra livslang seglglede for fleire. Samstundes ser me på "alternative karrierevegar" innan segling, adresserer økonomiske barrierar, og utforsker nye formater for å halda fleire engasjert og deltakende. Bredde og toppidrett går hand i hand – begge er viktige for å skape ein levande og bærekraftig seglforening. Me ser òg på korleis nye aktivitetar kan integrerast i fremtidas seglprogram for å skapa eit enda breiare og større engasjement i alle aldrar.

 

1115 Framtidig J70-segling i Vestland Seilkrets

VSK-ligakomiteen gjer greie for status og planar for dette:

  • Seiling i sentrum – frå prosjekt og visjon til etablert struktur
  • Innkjøp av båtar og etablering av båtpool
  • Trening, eventsegling og annan aktivitet
  • Nasjonale stevner i Bergen hausten 2025

 

1150 Diskusjon/ordet fritt

 

1200 lunsj

Servering av kaffi, te, smørbrød/baguetter – VSK spanderer

 

 

 

1245 Thomas de lange Wenneck/Viktor Grytdal: Om rekruttering og jollesegling for barn og unge

  • Kva fortel deltakinga på kretssamlingar og Vestland Cup om rekrutteringa?
  • Ny webside for VSK
  • Terminlista 2025

 

1315 Diskusjon/ordet fritt

 

1330 I VSK er me gode på samhandling på fjorden, men kan me bli betre på samhandlinga på land? Innleiing ved Harald Thomsen

 

Nokre stikkord:

  • Kommunikasjonsmåtar – vevsider, SoMe og app’ar
    • terminliste
    • kalender/brosjyre/pr
  • Samkøyrt rekrutteringsarbeid
    • treningssamlingar
    • samanlagt cup – Vestland Cup
    • samkøyrt reiseverksemd
  • Kan ein hente stordriftsgevinstar rundt
    • sponsorarbeid?
    • marknadsføring?
    • arrangements-samarbeid?
    • rekneskap?
  • Korleis kan VSK vera ein nyttig aktør opp i alt dette?
    • Innspel frå salen

 

1340 Christoffer Opstvedt/ Tom Tveita: Slik tenkjer me og slik gjer me det i Åsane SF

Åsane Seilforening held til på Storøya i Eidsvåg og har målsetjing om å vera ein inkluderande klubb for alle med seglinteresse i regionen. Klubben har stor aktivitet, men ligg på ei øy og er utan dei tradisjonelle seglklubb-inntektskjeldene i hamn og kran. Korleis løyser dei dette?

 

1400 Beinstrekk, pause, påfyll kaffi, te, frukt, kake, kjeks?

 

1415 Drøfting av dei ulike tema som er framlagt – ordet fritt

 

1500-1515 Avrunding

 

Påmelding: sjå www.vestlandseilkrets.no

 

 

Bli med og set kursen for seglsporten framover i Vestland!

 

 

Helsing

Styret i Vestland Seilkrets

 

 




Get Adobe Reader  VSK-klubbkonferanse - Invitasjon og program Read file