Kongens fortenestemedalje til Kjell Totland
16. november vart Kjell Totland tildelt kongens fortenestemedalje for hans store innsats over fleire tiår for seglsporten.
Medaljen vart utdelt av ordførar i Bergen, Marit Warncke under ei markering i kommandantbustaden på Bergenhus festning. Forutan familien til Kjell var det tilstades representantar for Vestland Seilkrets, Oselvarklubben, Milde Båtlag, Austevoll Seilforening og Båtlaget Njord/Tysnes.