Møte om terminlista 2022
Terminlistekomiteen til Vestland Seilkrets inviterer til drøftingsmøte om terminlista for 2022. Møtet finn stad i Ran Seilforening torsdag 28. oktober klokka 1900.
Arbeidet med terminlista har over tid vore prega av lite fornying. Hausten 2019 var seglkretsen i gang med ein debatt om kva slags arrangementstypar me treng for å oppnå auka interesse for seglsporten. (Sjå https://vestlandseilkrets.no/?k=2636&id=28511&aid=18561 og https://vestlandseilkrets.no/?k=2636&id=28511&aid=18724)
Som kjent har det i mellomtida vore ein stk. pandemi som har ført til endringar på mange felt. Terminlistekomiteen til Vestland Seilkrets tykkjer difor det er tid for å ta opp att tråden og sjå nærare på kva me kan gjera for å lokka fleire seglarar ut på fjorden for å delta i seglarrangmenta.
Før ein landar neste års terminliste vil me difor invitera seglforeningane og alle engasjerte seglarar med interesse for kva steg seglsporten bør ta om å bli med på debatt i Ran Seilforening sitt klubbhus.
Aktuelle diskusjonspunkt:
Kva gjer me rett? Nokre arrangment får det jo til… Kva suksesskriterier finst?
Kva skal til for å nå drømmescenarioet med 100 båtar? Færre, men betre regattaer?
Handlingsrom og endringsvilje: Kva har me lært av pandemien - kva har funka av nye tiltak?
Rekruttering/organisering: Korleis tydeleggjera vegen frå nyfiken skårunge til kompetent mannskap?
Midtvekesegling: funkar bra, men treng alle tysdagsseglasane vera heilt like eller kan det takast grep her?
Kommunikasjon: Kva kan me gjera når det gjeld promotering av aktivitetar?
Arrangementsutvikling: Kva slags konsept vil folket ha?
Tilbyr me nok til ulike segment?
- nybyrjar-vidarekomen-hardcore
- jolle-eintype-tur/hav
- faste merker-baneseglas
- sosial tur-regatta med sosialt
- fjordsegling-offshore
Kva nytt kunne ha gjort sus i vellinga?
Andre tankar som kan starta tankeprosessen:
I kvar fjord bør det vera ein større seglas vår og ein haust, gjerne med fleire klassar/båttypar som tevlar samstundes.
Helgeseglasar bør tilby noko anna enn to timar på den same banen som ein selgar i midtveka - kanskje lengre løp, kanskje fjernare mål, kanskje variantar der shorthand, mørke, uthavn, øvingar i sjømannskap er nyttige stikkord?
Rekruttering er ei utfordring - kan seglforeningane samla trø til med ein seglsportens dag?
Færderseglasen samlar mykje merksemd inst i ein fjord austpå - kan seglsporten få til eit større arrangement som får liknande status i til dømes Vågen i Bergen?
Kan det gjerast grep som sikrar at regattaer både byr på interessant segling for seglarane, men som óg fengjer tilskodarar?
Desse endringane må sjølvsagt forankrast godt i kvar klubb. Det er difor viktig å bruka tid og ha ein god prosess på dette. Bruk difor noko av seglpraten framover på å lufta desse problemstillingane med andre seglarar.
Debatten på dette møtet bør forankrast vidare i kvar seglforening før me set oss ned og spikrar datoar og lagar terminlista for 2022. Skissert framdrift på dette:
Fyrste halvdel av november:
Momentene fra dette drøftingsmøtet vert teke med tilbake i kvar seglforening og bør drøftast både formelt og uformelt. Det siste er viktig for å få de ikkje-aktive seglarane med på diskusjonen.
Andre halvdel av november:
Terminlistekomiteen inviterer til datospikring og fastsetjing av neste års terminliste bør kunne vera klar om lag 1. desember, men det er vel så viktig at me vågar å ta ein god og grundig diskusjon kring kva me faktisk vil.
Vel møtt!
Kontakt oss gjerne på terminliste@vestlandseilkrets.no
Helsing
Vestland Seilkrets sin terminlistekomite:
Espen Børresen
Viktor Grytdal
Petter Strømme
Tom Chr. Tveita
Kjell Magnus Økland