Vestland Seilkrets

Arbeidsoppgåver

Retningslinjer for Hordaland Seilkrets sitt Eintypeutval vedtatt av Hordaland Seilkrets sitt årsmøte 30. januar 2013.

Føremål
Hordaland Seilkrets sitt eintypeutval er eit samarbeidsforum for eintypeklassar i Hordaland Seilkrets. Føremålet er å fremje eintypesegling som regattaform etter prinsippet saman er me sterkare. Med eintypesegling som regattaform vert det her sikta til banesegling der fyrste båt i mål er vinnar i båttypar med tydelege klassereglar.

Båtklassar
I utvalet sit klassar der majoriteten av seglarane ikkje er foreldrestyrte.

Representantar
Kvar båtklasse vel sin(e) representant(ar) som møter på eintypeutvalet sine møter. Ved avrøystingar har kvar klasse ei røyst.

Arbeidsform
Utvalet vel ei arbeidsgruppe med utvalsleiar, skrivar og vevmakar. Utvalet møtest jamnleg, skissert frekvens for fellesmøter i eit normalår kan vera 3-4 møter årleg. Utvalsleiar kallar inn til møte. Eintypeutvalet kan, saman med foreningar nominera kandidat til HSK sitt styre via valkomiteen.

Arbeidsoppgåver
- Utarbeida felles brosjyre med informasjon om datoar, båtinfo, regattaopplegg for kvar klasse,
klassekontakt og websider. Desse brosjyrane skal vera tilgjengeleg i alle foreningene i kretsen, på oppslagstavler, på websider og hos relevante utstyrsforhandlarar.
- Vera involvert i terminlistearbeidet for å skape gode regattaarenaer for eintypesegling, dette gjeld både lågterksel (td. midtveke) og høgdepunktregattaer
- Arbeide for treningssamlingar på tvers av klassane, til dømes med innleigde krefter
- Vera involvert i programarbeidet med Hordaland Seilkrets sine seglkroer vinterstid. Ansvaret rullerer mellom klassane.
- Etablera felles kommunikasjonskanalar
- Etablera felles mannskapspool
- Vera involvert i Hordamester – sesongavslutning i oktober der KM-vinnarar frå både eintypeklassar og T/H-klassar møtest til sesongavslutning i ein av eintypeklassane etter modell inspirert av NSF’s Mesternes Mester.